Bli litt betre kjend med oss og kva vi gjer.
VI ER
Våre konsulentar har over tretti års erfaring frå undervisning og i psykisk helsevern/rusbehandling, og vi har leiarerfaring frå næringsliv og utdanning.
Kari arbeider til vanleg som rektor og har 10 års erfaring som skuleleiar, og 20 år som lærar før det. Kari har undervisningskompetanse i økonomi og matematikk med master i skuleleiing.
Kjetil arbeider i BUP og har brei røynsle frå skule, PPT, næringsliv og spesialisthelsetenesta. Kjetil har master i spesialpedagogikk, er sertifisert for psykometrisk testing og held på med spesialisering i klinisk pedagogikk.
DETTE GJER VI
Vi utfører WISC-V evnetesting, tek språkkartlegging med CELF, samt ei rekke psykometriske kartleggingar til bruk i utgreiing av psykisk helse. Vi kan også bidra med dysleksiutgreiing. Vi utformer komplett rapport og tilbakemelder gjerne til skule. Vi kan òg utarbeide alternativ sakkyndig vurdering.
Vi tilbyr kurs, fagdagar og foredrag om ulike emne, til dømes innan leiing og organisasjonsutvikling, ulike spesialpedagogiske emne, ADHD, 'Å skrive om andre', 'Journalskriving'.
Dagleg leiar
Seniorkonsulent
Seniorkonsulent