Privat evnetesting av barn og unge under 17 år med WISC-V.
Vi tilbyr også språkkartlegging og dysleksiutgreiing.
Til utdanningsorganisasjonar og verksemder tilbyr vi konsulenttenester, kurs og foredrag.
Vi held til i Bergen, og vi er mobile.
Vi er sertifiserte brukarar av WISC-V.
Vi bruker berre evidensbaserte kartleggingsverktøy med normering for norske tilhøve.
Evnekartlegginga har fast pris som inkluderer fullt testbatteri med WISC-V. Testresultatet gir god informasjon om læringsføresetnader og danne grunnlag for gode tilretteleggingstiltak.
kr 8.000,- inkl komplett og utfyllande testrapport, med pedagogiske tilretteleggingsråd, tilbakemeldingssamtale og felles tilbakemeldingsmøte med skule.
Andre kartleggingsverktøy: Ta kontakt.
Vi gjennomfører gjerne testen der du er. Reisekostnader tilkjem.
Vi har kompetanse og lang erfaring frå skule, skuleleiing, individuell tilrettelegging og spesialundervisning frå fleire skuleslag. Våre pedagogiske råd blir spesialtilpassa for ditt barn.
Dersom vi finn grunnlag for vidare utgreiingstiltak, eller oppdagar tilhøve som utløyser lovmessige rettar, vil vi gje nærare rettleiing om vidare steg.
Ta kontakt, så finn vi i fellesskap ut om vi kan hjelpe med ditt behov.
Eit kurs om etiske og faglege vurderingar kring det å skrive rapportar, uttalar, vurderingar eller helsejournal.
Ulike kurs for faggrupper, foreldre, vaksne, barn og unge.
Ta kontakt!
Vi høyrer svært gjerne frå deg dersom du har spørsmål om tenestene våre.
Det vi brenn for er å hjelpe andre til å utvikle seg, til å nå sitt potensiale, til å meistre.
Vi tilbyr gratis førstesamtale på telefon eller på Teams for å kartlegge behov og avklare forventningar til det vi kan hjelpe med. Vi har teieplikt.